Ivar Solbu som 40-års jubilant
Ivar Solbu som 40-års jubilant
Ivar Solbu har vore diakon i Sauherad i 40 år
I haust er det 40 år sidan det blei oppretta ei diakonstilling i Sauherad. Det kan me i dag takke fleire framsynte ildsjeler for.
At me har hatt den same diakonen i alle desse åra, kan me takke Ivar for- og ikkje minst kona hans Helene.
Ivar Solbu har ved fleire høve i haust blitt takka og heidra for si lange og trufaste teneste her i Sauherad. Lite tyder på at han har gått lei av jobben eller tenker på å trappe ned heller.