Ledig vikariat som trusopplærer
Ledig vikariat som trusopplærer

Vi har ledig vikariat i 50 % stilling som trusopplærer frå 1.10.2017 til 30.6.2018

Sauherad og Nes sokn har eit aktivt menighetsliv for alle aldersgrupper. Det spenner frå babysang til faste andakter på eldreinstitusjonane i bygda.Arbeid med barn og unge i alderen 0-18 år er noko av det viktigaste vi held på med – for her ligg framtida vår! Ein sentral koordinator for dette arbeidet er trsuopplæraren vår. Saman med frivillige og tilsette er trusopplæraren sentral i arbeidet med barn og ungdom for å følgje opp kyrkjelyden sin trusopplæringsplan.

Vår faste trusopplærar har omsorgspermisjon og vi har derfor ledig vikariat i 50 % stilling frå 1.10.2017 til 30.6.2018.

Kvalifikasjonskrav

  • Kompetanse innan pedagogikk og kristendom
  • Personlege eigenskapar, erfaring, fleksibilitet og samarbeidsevne blir vektlagt.
  • God evne til å sjå frivillige medarbeidarar som ein viktig ressurs.
  • Kunne være ein tydeleg leiar og inspirator, med engasjement for barn og unge si trusutvikling
  • Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Politiattest vil bli krevd av den som vert tilsett

    Relevant erfaring kan erstatte formell kompetanse.

Vi tilbyr

  • ei spanande stilling med mulighet til å påvirke og utvikle menighetslivet
  • godtgjering, løns- og arbeidsvilkår iht. gjeldande regulativ og tariffavtale
  • medlemskap i KLP

For meir informasjon om stillinga kontakt kyrkjeverje Trond Haugen, tlf 35 10 11 20 eller soknerådsleiar Lillil Bergan, tlf 990 19 462.
Søknad m/CV sendast til post@sauherad.kyrkja.no innan 10. september.