Endring av soknegrenser
Endring av soknegrenser

Endring av soknegrenser, val og tilhøyrsel til soknet

Bispedømerådet vedtok i møte 4. februar 2019 at grunnkrinsane Angard og Hjuksebø blir flytta til Notodden sokn i 2020. Men soknerådsvalet i september 2019 blir gjennomført som om dei nye grensene allereie er innført. Det vil seie at røysteføre medlemmar av Den norske kyrkja frå dette området  vil stå i manntalet på Notodden og i Notodden sogn.

På folkemøtet på Hjuksebø gamle skole i november blei  det ein del snakk om å kunne behalde sin tilknyting og medlemsskap til Sauherad og Nes sokn. Kyrkjelova § 4 gir ei opning for at biskopen kan «..etter søknad fra vedkommende menighetsråd samtykke i at en person for et begrenset tidsrom gis stemmerett i et annet sokn enn det vedkommende er bosatt i».

Dei som framleis  ynskjer å tilhøyre Sauherad og Nes sokn kan ta kontakt med kyrkjekontoret i Sauherad (tlf. 35 10 11 20). Fristen for å kunne gjere dette gjeldande frå valget til hausten er 18. mars.