Nes kyrkje
Nes kyrkje
Nes kyrkje ligg fint til på Nesodden. Frå kyrkjebakken er det utsyn over Norsjø og bygdene og fjella ikring. Lifjell tronar i nordvest. Skårafjell i nord, Haukvikfjellet i aust og Breisås i sør-vest. I nærleiken av kyrkja låg den gamle storgarden Nes, som var ”kongens gard oppe på Grenland”.
Eit gamalt sagn fortel at kyrkja fyrst vart tenkt bygd på Kyrkjehaug litt lenger nord. Stein og tømmer var alt køyrt fram, men natta før arbeidet skulle starte, vart byggematerialene på ein merkeleg måte flytt ut til Neshaugen der kyrkja nå ligg. Ingen våga å endre på dette.

Kyrkja vart bygd i tida 1100—1150. Ho er vigd til apostlane Peter og Paulus. Vigslingsdagen (kyrmess) var 14. september, men året kjenner vi ikkje eksakt.

Kyrkjehuset
Kyrkja er bygd i romansk stil. Det er kyrkjeskipet med koret som er det opphavlege byggverket frå mellomalderen. Tårnet og sakristiet vart bygd til i 1868.

Kyrkja er bygd på fjell og har stått utruleg godt desse snart 900 åra.Dei tjukke murane av stein har kalkblanda leire som bindemasse.

Nes kyrkje er ei av fleire steinkyrkjer som vart bygd her i Telemark nokolunde samstundes. Av desse kan nemnast: Romnes, Kviteseid, Seljord og Bø gamle kyrkjer. Truleg var det eit omreisande byggelag som stod for bygginga. Om arbeidet i Nes kyrkje skriv konservator Harry Fett: ” Det må i byggehytten vært en geistlig som var like godt kjent i Eddaen som i Det gamle testamentet”. Det er motiva i steinportalane som vitnar om det.

Det er gjennomført to store restaureringar i seinare tid. Den fyrste vart fullført i 1938 og den andre i 1954. Det gamle interiøret kom på plass. Fleire lag med kalk på veggane vart fjerna, slik at dei målingane som låg under kom fram.

Portalane
Portalane i Nes kyrkje er særmerkte. Dei er laga av marmorliknande kalkstein som er henta langvegs frå. Den kunstneriske prydnaden har motiv frå heidensk mytologi og frå kristendomen.

Nede på søyleføtene ved korportalen finn ein drakefigurar på den eine sida og lammet og eselet på den andre. Oppe på same portal finn vi eit menneskeandlet mellom krossen og stjerna.

Hovudportalen på sørveggen er pryda med motiv frå Davids kamp mot Goliat og Gunnar i ormegarden.

Koret
Om dette rommet skriv riksantikvar Harry Fett i boka, ” En bygdekirke”: ” Det er utvilsomt det vakreste intime rom som er bevart i Norge, noe av det beste vår interiørkunst har  Denerpå Håkon Vs tid (1270-1319).”Taket i koret løfter seg opp i ein vakker kvelving, og heile kvelven er dekorert med freskomåling.(Måla på våt murpuss). I sentrum øvst oppe tronar Kristus med høgre handa lyft til velsigning, men i den venstre held han nattverdkalken. I apsiskvelven kronar han mor si Maria. Over korbogen som vender mot alteret, er veggen dekt av ei framstilling av Kristus på krossen. Krosstreet er måla sm eit levande tre med blad og knoppar. På nordveggen i koret ser vi scenar frå forteljinga om trollmannen Simon Magus ( Ap.gj.8). På sørveggen: Paulus på veg til Damaskus. Peter krossfest med hovudet ned og Paulus som vert halshoggen. Vidare ser vi dei fire evangelistsymbola.

Alteret
Altertavla er måla i 1663. Den er pryda med kjente motiv frå bibelen: Speiarane kjem tilbake frå Kanan. Ei engel låser Satan inne. Det er scener som viser Adam op Eva i Paradishagen, Fugl Fønix, koparslangen og jofru Maria. Sentralt: Kristus på krossen. I toppfeltet ser vi skipet som symboliserar kyrkjelyden på vegen mot himmelen.

På alteret står det to store lysestakar som truleg er frå omkring år 1500. Sølvkalken og disken er frå 1660.

Døypefatet er truleg frå 16-1700 talet. Døypefonten vart laga av Øystein Torshøl i 1938.

Framfor alterringen er det ein kross i ei av golvhellene. Ved restaureringa i 1937 blei det funn ei grav her. Ein undra seg over kven som har fått denne ærefulle plassen framfor alteret.

Ny gransking i 1959 viste at det var ei kvinne av Sør.Europeisk rase som låg gravlagt der. Truleg er denne kvinna Anna Cathrina de Barlaimentz, frua til kaptein Phillipe de Pinnia, gravlagt der i 1699.

Kyrkjeskipet
Frå fyrst av var det ikkje noko vindauge på nordsida i kyrkjskipet. Det vart sett inn i 1709. Frå denne tida er og kyrkjebenkane med namn på dei fleste gardane i bygda. Preikestolen er frå same tid som altertavla (1663).

I åra 1706-09 måla Lauritz Pettersen kyrkja innvendig. Dei gamle dekorasjonane frå mellomalderen vart overmåla. Seinare vart fleire lag med kalk måla over. Ved restaureringa fjerna konservator Gotås kalken og ein del av målinga tol Lauritz Pettersen, slik at vi i kyrkjeskipet i dag kan sjå måling frå mellomalderen på sideveggene som er delt opp i kvadratiske ruter. Oppe under loftet ser vi ei ornamentfrise og midt på veggen eit brungult band. Bogane over portalane er måla i brune og grå kvadrater. Ved nordvestre hjørne er måla solhjul og lilje. Det var kanhende der døypefonten stod i den katolske tida. På veggen mot koret og i vindauga der vi Lauritz Pettersen`s måling. Soldaten og presten, den verdslege og geitslege makt på kvar side av koportalen og Fredrik den Ivs speilmonogram, er godt bevart. Målinga i nordvindauget er flytta dit frå korportalen ved restaureringa i 1954.

Brurestolane er frå 1951. Gyldenlærsarbeidet  er utført av Anne Norendal. Orgelet er frå 1980.

Kyrkjeklokkene
Frå gamalt hadde kyrkja to tårn. I det store tårnet ved vestveggen hang deito store klokkene frå mellomalderen.Ddesse klokkene er i bruk ennå, men er begge omstøypte. I eit mindre tårn hang det to mindre klokker (primklokker). Dei vart særleg bruka til kiming ihøgtidene. Desse klokkene er nå borte.

Ei segn fortel at det har vore seks klokker ved Nes kyrkje. Dei var viden kjent for den fine klangen.

Den sværaste skulle førast til domkyrkja i Trondheim, men ho kom ikkje fram. Det kom uver og båten med klokka forliste på Trondheimsfjorden. Den andre klokka klagar over det som har hendt i klangen sin. ”Torstein Langbein, Torstein Langbeinfylgde meg til Trondheim. Der ligg maken min, der ligg maken min søkt i grus og stein”.

Kyrkjegarden
Den eldste kyrkjgarden ligg sør for kyrkja rundt ”Neshaugen”. Det var rangordning, med dengjevaste plassen ” under takdråpet”. Etter kvart vart området nord for kyrkja teke i bruk. Den delen av kyrkjegarden som ligg aust for vegen, vart kjøpt til og teke i bruk i 1905.

Nes church
Nes church is situated on Nesodden. From the churchyard there is an excellent view over the Norsjø lake and the surrounding mountains.

Nes church was built between 1100 and 1150 A.D. It is built in Roman style. The church have thick stone walls, and clay and chalk mixture was used as a binding material when the church was built.

The porches of the church are very special. They show some admirable decorations from late paganion and early christianity. The chacel in Nes church is according to Norwegian experts:” The most beautiful intimate room still intact”. The Middle Age frescopaintings have been restored. It has been called “Scandinavia`s Sixtine  Chapel”. The altar Piece and the Altar are from 1663. The Altar Piece shows various biblical scenes. On the Altar you can see two beautiful candlesticks from about 1500 A.D. The pulpit is from the same time as the Altar Piece.

The front is made in 1938.

The Tower of the church is fro 1868. The two bells are from the Middle Age, but they are both recast