Kyrkjeverja i dag
Kyrkjeverja i dag
Kyrkjeverjene har alltid levt i spenningsfeltet mellom kyrkje, lokalsamfunn og prestestand. Ved det nye lovverket er dei på ny plassert i dette feltet - kanskje noko meir avklart i forhold til  ledelsesområdet. Kven er kyrkjeverja?
Kva gjer dei? Kva interesser ivaretek dei? Frå historia veit vi at kyrkjeverjene hadde ei rekkje oppgåver:
Dei bragte fram kyrkjekunst.
Dei var kunsthåndverkarar.
Dei var kulturformidlarar.
Dei var forvaltarar.
Dei talte for lokale interesser.
Dei ivaretok omsorga for dei fattige.

Ser vi tilbake i historia hadde kyrkjeverjestillinga ei lang glanstid. Dei
siste hundre  år har vel eigentleg stillinga vore ein mellomting mellom
dvale eller anonymitet.

Dagleg leiar 
Den nye kyrkjeloven og gravferdsloven har på nytt styrkte
stillinga, sjølv om loven fokuserer på  funksjonen "dagleg leiar".
Vi har 435 kommunar i landet vårt. Kyrkjeloven pålegg kvar kommune kva
stillingar det skal ytas pengar til innan kyrkja. Det nye i lovverket er at
vi har fått ei ny stilling som betegnes  som "Daglig leiar av fellesrådet".

Kyrkjeloven sin §15 punkt c. fastset dette. Det er funksjonen "dagleg leiar" som er lovfesta. Likevel er det presisert i forarbeidet til loven at denne stillinga framleis kan kallast kyrkjeverje. Fellesrådet sjølv har fått fullmakt til å bestemme tittel. Fleire av rådene rundt i landet har valt "kyrkjesjef". Pga. denne sjansen til å synleggjere ansvar og fullmakt som er tillagt stillinga. Dei fleste i nærområdet vårt har valt å behalde tittelen kyrkjeverje på stillinga.

Stillingane er forskjellige ut frå storleik på kommunen og delegert fullmakt og ansvar frå fellesrådet. Stillinga sitt formål er å leie verksemda slik at fellesrådet kan fylle dei oppgåvene det har å  løyse ut frå lovverket og rådet sine vedtak. Det vil og liggje til stillinga å skape handlefridom og styringsalternativ. Ei viktig side ved dette arbeidet er å få til ei vidareføring av kontaktarbeidet med kommunal leiing og administrasjon. Kontakten med bispedømmerådet  kanskje spesielt med tanke på statlege overføringar til diakoni og undervisning, skal i tillegg oppretthadas. Kyrkjeverja er overført ei nøkkelrolle, ein skal ikkje berre gjere dei riktige tinga, men og leggje  til rette for at andre kan få utføre arbeidet innanfor opplæring, lønnspolitikk, samarbeid og leiing.

Utfordring
Utfordringane er store - ein skal sørgje for at kyrkjelyden blir ein stad med trivsel  arbeidsglede og målretta leiing. Den administrasjon som kyrkjeverja varetek skal vere ein støttefunksjon for arbeidet som blir drive i kyrkjelyden først og fremst for dei tilsette, men og  delvis for det frivillige arbeidet. Kyrkjeverja skal så langt det er mogeleg vere ein
institusjon  som skal tilretteleggje slik at arbeidet kan drivast best mogeleg.

Oppgåvene til kyrkjeverja
Kyrkjeverja sine oppgåver er etter ny kyrkjelovgiving mangfaldige. Ut frå §14 i Kirkeloven vil  det dreie seg om (avhengig av grad av delegering frå fellesrådet):

Administrativt og økonomisk arbeid på vegner av sokna.
Fremje samarbeid mellom sokna.
Løyse interessa til sokna i forhold til kommunen.
Forvaltning av fond og løyvingar.
Budsjett og økonomistyring.
Rekneskap.
Internkontroll.
Vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar.
Ansvar for a. skaffe lokale og utstyr til konfirmantundervisning.

Arbeidsgivaransvar blant anna ved:
saksbehandling av tilsetjingar
arbeidsplanar,
utøve arbeidsgivarpolitikk
personalutvikling / opplæring
medarbeidarmøte / medarbeidarsamtale
arbeidsmiljøspørsmål / bedriftshelseteneste.

Ut frå Gravferdsloven har kyrkjeverja ansvar for bl.a.:
Drift og forvaltning.
Tilvising av grav.
Utarbeiding av vedtekter.
Fastsetje tidspunktet for den enkelte gravlegginga
Forlenging av fristar for gravlegging.
Overføring av feste.
Skadeførebygging.

Hovudtyngda av arbeidet ligg innanfor:

Økonomiforvaltning
Personalforvaltning
Eigedomsforvaltning

I tillegg til alt dette skal ein og vere med å utarbeide mål og planar for den kyrkjelege  verksemda i kommunen. Kyrkjemøtet har presisert at det ikkje er tenkt å overlate planar for kyrkjelyden si verksemd  til fellesrådet dette arbeidet skal kyrkjelyden sjølv løyse. Arbeidsområda er svært omfattande  slik at om alt skulle blitt utført til punkt og prikke, ville det vere nødvendig å tilsette  fagpersonar som har utdanning innan administrativ kompetanse forvaltningsrett, kommunalrett, kyrkjerett og offentleg rett økonomisk kompetanse budsjett, rekneskap, økonomistyring personaladministrativ kompetanse tariffavtalar og forhandlingar teknisk kompetanse innsikt innan bygg og anlegg samarbeidsevne,kunnskap om kyrkja.

Desse personane er ikkje like lette å få tak i. Likevel er som regel fagpersonane i nærområdet og da er det viktig å ha ein viss økonomisk handlefridom til å få kjøpt inn den nødvendige fagkompetansen eventuelt få ein god tenesteytingsavtale med kommunen. Kyrkjeverja må vere ein profesjonell dagleg leier med ei heilskapleg syn på oppgåva til kyrkjelyden i lokalsamfunnet.