Valkort: Alle som er ført opp i Den norske kyrkja sitt medlemsregister med røysterett vil få valkort og nærare informasjon i veke 32.
Den som er medlem i Den norske kyrkja, og ikkje får valkortet, kan kontakte [kyrkjekontor] (sjå nedanfor), for å få retta opplysningane i Den norske kyrkja sitt medlemsregister. Medlemsregisteret er grunnlag for kyrkjeleg manntal.
Den som får valkort, men ikkje er medlem i Den norske kyrkja, kan gå fram slik valkortet føreskriv for å bli sletta av medlemsregisteret.
Ettersyn av manntal: Kyrkjeleg manntal for Sauherad og Nes sokn er lagt ut til ettersyn på kyrkjekontoret På Akkerhaugen i den vanlege opningstida til kontoret fram til 11. september.
Det er berre høve til å kontrollere opplysningane som vedkjem ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå.
Den som meiner at ein sjølv eller nokon annan uriktig har vorte ført inn eller utelaten frå manntalet i soknet, kan krevja at valstyret rettar feilen. Kravet skal være skriftleg og grunngjeve.
Les meir om valet på www.kyrkjevalet.no.