Sauherad og Nes sokn > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Pilegrimsvandring 2020


Årets Pilegrimsvandring "Fotefar frå fortid til framtid" blir halden 21.mai 2020 (Kristi himmelfartsdag).

 

Kvart år, i mai/juni dei siste 7 åra har det blitt arrangert pilegrimsvandring i Midt-Telemark. Ei minnerik og flott oppleving!

Frå Nes kyrkje på Nesodden, gjennom frukthagar og velstelt kulturlandskap, innom lokale museer i Sauherad og Bø, og fram til Bø gamle kyrkje på Bøhaugen.

Kart finn du her.

Meir informasjon vil koma seinare når arrangementet nærmar seg. Informasjon vil du finne på heimesidene våre, sosiale medier som Facebook og plakater.

Dette er eit arrangement i samarbeid med Midt Telemark Museum (Bø Museum, Evju Bygdetun, Hørte dampfarveri, Prestegarden i Bø og Sauherad historielag) og Gvarv turlag.

Tilbake