Alle rettigheter 2019 Sauherad og Nes sokn

Bryllaup


Eit ekteskap blir inngått når ei kvinne og ein mann i nærværet til vitne gir kvarandre løfte om at dei vil leva saman i ekteskap – og når ein godkjent vigselsperson erklærer at ekteskapet har offentleg gyldighet.

 

Ei ekteskapsinngåing kan skje borgelig eller kyrkjeleg – juridisk sett er det ingen skilnad. Men ein kyrkjeleg vigsel har eit kristent perspektiv i tillegg til den juridiske sidan. Handlinga har preg av å vera ei gudsteneste. Det blir lese bibeltekstar om ekteskapet og det blir bedt for dei som giftar seg. Ektepar som er vigd borgelig, kan i ettertid velja å ha ein kyrkjeleg forbønnshandling for ekteskapet.

Går dykk i giftetankar, men lurer litt på kva som skal til?

Når de veit litt om når de kan tenka dykk å gifta dykk, tar de kontakt med kyrkjekontoret der dykk / ein av dykk bor. De gjer ein avtale om når vigselen skal finna stad, og i kva for ei kyrkje. Kyrkjekontoret er behjelpelig med å senda og informera om dei nødvendige papira. Det er Folkeregisteret som undersøker om paret som vil gifta seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Når Folkeregisteret har fylt ut ”Prøvingsattest/Melding om vigsel” kan vigselen finna stad i kyrkja. Brudeparet skal ha ein samtale med presten som skal forretta i vigselen.

Viss de vil gifta dykk i ei anna kyrkje enn kyrkja på heimstaden, tar de kontakt med kyrkjekontoret der de vil gifta dykk. De må som regel òg betala ei avgift viss de vel vigsel i ei anna kyrkje enn i forsamlinga dykk geografisk tilhøyrar. I Den norske kyrkja kan de berre gifta dykk i ei kyrkje eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerda til biskopen kan brukast til vigsel.

 

 

Vigselsordninga som blir brukt i Den norske kyrkja, opnar for at brudeparet sjølv kan vera med på utforminga av seremonien. Ordninga gir rom for at nokon frå bryllaupsfølgjet kan medverka ved nokon av dei liturgiske ledda. Ein kan legga inn i handlinga musikk eller høytlesning, eventuelt kombinert med tenning av lys. Blant dei kulturelle innslaga kan det òg opnast for element som understrekar den etniske bakgrunnen til brudeparet. Salmar og songar må på førehand godkjennast av forrettande prest, og det musikalske stoffa av organist. Både når det gjeld medverknad frå andre kyrkjesamfunn og kulturelle innslag, skal dei tilpassast vigselshandlingas gudstjenestelige karakter og ikkje bryta med Den norske kyrkjas trosgrunnlag.

Les informasjonsbrosjyren vår.
Er det framleis noko du lurer på, så nøl ikkje med å ta kontakt.


Lykke til!

Anne-Inger Lunner, sokneprest

 

 

Tilbake