Sjelesorg/samtale


 

Når det ikkje kjennest naturleg å snakka med nokon av dei næraste ein har rundt seg, kan det å snakka med ein prest eller diakon vera eit alternativ.

Prest og diakon har spesialutdanning innan sjelesorg. Dei er vane med å lytta til menneske og har teieplikt. Det er ikkje slik at dei sit med alle svara, men mange har opplevd at berre ved å setja ord på problemet, så blir det lettare å finna vegen vidare.

Sjelesorg er ikkje terapi og prest/diakon er ikkje terapeutar. Men dersom det viser seg at nokon treng anna samtaletilbod enn sjelesorg, så har vi også høve til å gje råd om anna tilbod.

Den som ynskjer ei samtale med presten eller diakonen kan ringja til kyrkjekontoret og gjera ei avtale. 

Samtale med prest/diakon kostar ikkje noko.

Tilbake