7. juni vart det gjort tilsetting av ny kyrkjeverje i Midt-Telemark.
7. juni vart det gjort tilsetting av ny kyrkjeverje i Midt-Telemark. Angelika Faber Karsrud (55) takka ja til stillinga, og overtek etter vikar Alf Rose Sørgaarden som blir ny kyrkjeverje i Hjartdal.
Karsrud tek etter planen over når Alf Rose Sørgaarden sluttar 31. juli. Den nye kyrkjeverja har mellom anna bakgrunn som profesjonell bratsjist i Oslofilharmonien og som drivar av eigen akupunkturpraksis i Midt-Telemark. Det var fleire gode søkjarar til stillinga, og Fellesrådet i Midt-Telemark er særs nøgd med at ein endeleg har fått på plass ein kompetent og spennande kyrkjeverje i Angelika Faber Karsrud, seier fellesrådsleiar Bjørnar Nesje.